Previous Page  49 / 88 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 49 / 88 Next Page
Page Background

Side 49

Jo meir han tenkjer på valet til Erna og Kjell Mjåtveit, jo

meir overtydd blir han om at dette er eit val som kan

passa for fleire.

–Litt ute på landet har ein gjerne store tomter. Samtidig

vil ein ikkje flytta frå nærmiljøet der ein har budd i

mange år. Leilegheiter finns det ikkje over alt, då kan det

vera ei god løysing å gjera som Erna og Kjell, seier han

Husleverandøren og huskjøparen småkranglar litt om

kven som fortener skryt og heider for prosjektet. Seim er

opptatt av å hylla ekteparet for å ha gått for eit moderne

og tøft hus i godt vaksen alder. Ekteparet Mjåtveit at

det er Seim Bygg som skal hyllast for god oppfølging,

og for å ha gitt dei den tryggleiken som skulle til for å

satsa på eit slikt prosjekt. Dei har våga å reisa til Syden

i byggeperioden, og overlate prosjektstyringa til Seim

Bygg - sjølvsagt supplert av telefonar, e-postar og

samtalar om fargeval og anna.

Erna meiner i grunnen at det dei har gjort ikkje er noko

spesielt.

–Dette er noko alle kan klara viss dei vil, meiner ho.

Treng ikkje kosta

Mange seniorar vegrar seg for å ta opp lån til ny bustad

etter at dei er blitt gjeldfrie. Terje Seim er langtfrå sikker

på at reknestykket må tilseia nye lån.

–Leilegheiter er i mange tilfelle dyre. I tillegg skal ein

hugsa på at seniorane gjerne sitt på store einebustader

som gir god pris ved vidaresal. For mange skal det vera

muleg å byggja nye, tilpassa og mindre einebustader

innanfor den prisramma ein får for det gamle huset, seier

han.

Informasjon:

Denne artikkelen er hentet fra Strilen, og er basert på katalog hus HOVDEN 804 på side 18. Det er vår forhandler Seim Bygg

AS som førte opp huset og Erna og Kjell Mjåtveit som var tiltakshaver.