Side 46
Huset blei for stort, men dei fann ikkje noko
leilegheit dei ville ha. No har Erna (69) og Kjell
Mjåtvedt (72) gjennom tett samarbeid med Seim
Bygg fått seg nytt draumehus.
Av Stig Erik Elliott, Strilen
FOTO: Stig Erik Elliott
– Alt er blitt slik me ville, på ein prikk. Seim Bygg har gjort
ein kjempejobb, seier Erna, og haustar supplerande nikk
frå ektemannen Kjell.
–Me reiste til Syden i haust, då berre grunnsolen var
støypt. Så kom me heim til jul, då var det komme tak på
huset. Deretter reiste me til Syden igjen. Seim Bygg har
styrt med alt, seier han.
På eiga tomt
Erna Kjell er no nettopp flytta inn i Sagstadvegen 63 -
dei held framleis på med å få møblar og anna på plass.
Huset dei flytta frå ligg i Sagstadvegen 65, nokre få
meter frå nyehuset. Dei har rett og slett bygd på eiga
tomt. Å flytta frå eit nærområde dei har djupe røter i, var
ikkje noko dei ønskte. Likevel følte dei at det var tid for å
forlata den store generasjonsbustaden over tre etasjar.
Funksjonell seniorfunkis
STRÅLANDE NØGDE:
Kjell og Erna Mjåtvedt er strålande nøgde med det funkishuset dei no nettopp har flytta inn i.
HØGT:
Det er høgt under taket i huset, noko som gir ei luftig
kjensle.




