Side 48
– Me har helse, men me har ikkje helse til å halda eit så
stort hus som det med har budd i til no, forklarer Erna.
Den nye einebustaden har universell utforming og alt
på eitt plan. Saman med Seim Bygg har Erna og Kjell fått
tilpassa einebustaden både etter tomteforhold og med
omsyn til praktiske løysingar.
–Me er forhandlar av Byggmann-hus. Erna og Kjell hadde
sett desse husa, og tok kontakt med oss. Dermed starta
prosessen fram mot ferdig hus for deira del, fortel dagleg
leiar Terje Seim i Seim Bygg.
Det nye Byggmann-huset har eit bruksareal på 120
kvadrat. I tillegg kjem mellom anna garasje.
Mange minner
To år tok det frå dei første tankane om ny einebustad
dukka opp til ekteparet i helga kunne flytta inn i huset.
Då hadde dei allereie vore på utkikk etter leilegheit som
erstatning for generasjonsbustaden, utan å finna noko
dei kunne tenkja seg.
–Det var lett å konkludera med at me ville ha ny bustad.
Men å selje den gamle einebustaden var ikkje enkelt.
Dette er barndomsheimen til Kjell, her har me budd med
ungar og svigermor. Det er mange gode minne knytt til
huset, forklarer Erna.
Til slutt kom ho og ektemannen til ein konklusjon som
dei meiner kan passa til fleire: –Eit hus er eigentleg berre
eit hus. Minna tar vi jo med oss sjølv om me flyttar, seier
Erna.
Dette er Kjell einig i, sjølv om huset dei forlèt er
barndomsheimen hans.
–Det viktigaste har vore at me får bu i nærmiljøet. Me
trivst utruleg godt. Me såg på leilegheiter andre stader,
men eg kunne ikkje tenkt meg å flytta dit, seier han.
Leilegheit vanlegast
For Terje Seim og Seim Bygg er det å byggja og selja ny
bustad til godt vaksne ikkje noko nytt fenomen.
Men det desidert vanlegaste er sjølvsagt at såkalla
seniorar kvittar seg med einebustad og investerer i
leilegheit.
–Me byggjer til dømes ein firemannsbustad på Frekhaug
der me har selt to einingar til seniorar, forklarer Seim.




