BYGGMANN - HUSKATALOG 2016-2018

Side 49 Jo meir han tenkjer på valet til Erna og Kjell Mjåtveit, jo meir overtydd blir han om at dette er eit val som kan passa for fleire. –Litt ute på landet har ein gjerne store tomter. Samtidig vil ein ikkje flytta frå nærmiljøet der ein har budd i mange år. Leilegheiter finns det ikkje over alt, då kan det vera ei god løysing å gjera som Erna og Kjell, seier han Husleverandøren og huskjøparen småkranglar litt om kven som fortener skryt og heider for prosjektet. Seim er opptatt av å hylla ekteparet for å ha gått for eit moderne og tøft hus i godt vaksen alder. Ekteparet Mjåtveit at det er Seim Bygg som skal hyllast for god oppfølging, og for å ha gitt dei den tryggleiken som skulle til for å satsa på eit slikt prosjekt. Dei har våga å reisa til Syden i byggeperioden, og overlate prosjektstyringa til Seim Bygg - sjølvsagt supplert av telefonar, e-postar og samtalar om fargeval og anna. Erna meiner i grunnen at det dei har gjort ikkje er noko spesielt. –Dette er noko alle kan klara viss dei vil, meiner ho. Treng ikkje kosta Mange seniorar vegrar seg for å ta opp lån til ny bustad etter at dei er blitt gjeldfrie. Terje Seim er langtfrå sikker på at reknestykket må tilseia nye lån. –Leilegheiter er i mange tilfelle dyre. I tillegg skal ein hugsa på at seniorane gjerne sitt på store einebustader som gir god pris ved vidaresal. For mange skal det vera muleg å byggja nye, tilpassa og mindre einebustader innanfor den prisramma ein får for det gamle huset, seier han. Informasjon: Denne artikkelen er hentet fra Strilen, og er basert på katalog hus HOVDEN 804 på side 18. Det er vår forhandler Seim Bygg AS som førte opp huset og Erna og Kjell Mjåtveit som var tiltakshaver.

RkJQdWJsaXNoZXIy NDYzNTY=