BYGGMANN - HUSKATALOG 2016-2018
Side 48 – Me har helse, men me har ikkje helse til å halda eit så stort hus som det med har budd i til no, forklarer Erna. Den nye einebustaden har universell utforming og alt på eitt plan. Saman med Seim Bygg har Erna og Kjell fått tilpassa einebustaden både etter tomteforhold og med omsyn til praktiske løysingar. –Me er forhandlar av Byggmann-hus. Erna og Kjell hadde sett desse husa, og tok kontakt med oss. Dermed starta prosessen fram mot ferdig hus for deira del, fortel dagleg leiar Terje Seim i Seim Bygg. Det nye Byggmann-huset har eit bruksareal på 120 kvadrat. I tillegg kjem mellom anna garasje. Mange minner To år tok det frå dei første tankane om ny einebustad dukka opp til ekteparet i helga kunne flytta inn i huset. Då hadde dei allereie vore på utkikk etter leilegheit som erstatning for generasjonsbustaden, utan å finna noko dei kunne tenkja seg. –Det var lett å konkludera med at me ville ha ny bustad. Men å selje den gamle einebustaden var ikkje enkelt. Dette er barndomsheimen til Kjell, her har me budd med ungar og svigermor. Det er mange gode minne knytt til huset, forklarer Erna. Til slutt kom ho og ektemannen til ein konklusjon som dei meiner kan passa til fleire: –Eit hus er eigentleg berre eit hus. Minna tar vi jo med oss sjølv om me flyttar, seier Erna. Dette er Kjell einig i, sjølv om huset dei forlèt er barndomsheimen hans. –Det viktigaste har vore at me får bu i nærmiljøet. Me trivst utruleg godt. Me såg på leilegheiter andre stader, men eg kunne ikkje tenkt meg å flytta dit, seier han. Leilegheit vanlegast For Terje Seim og Seim Bygg er det å byggja og selja ny bustad til godt vaksne ikkje noko nytt fenomen. Men det desidert vanlegaste er sjølvsagt at såkalla seniorar kvittar seg med einebustad og investerer i leilegheit. –Me byggjer til dømes ein firemannsbustad på Frekhaug der me har selt to einingar til seniorar, forklarer Seim.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NDYzNTY=