BYGGMANN - HUSKATALOG 2016-2018

Side 46 Huset blei for stort, men dei fann ikkje noko leilegheit dei ville ha. No har Erna (69) og Kjell Mjåtvedt (72) gjennom tett samarbeid med Seim Bygg fått seg nytt draumehus. Av Stig Erik Elliott, Strilen FOTO: Stig Erik Elliott – Alt er blitt slik me ville, på ein prikk. Seim Bygg har gjort ein kjempejobb, seier Erna, og haustar supplerande nikk frå ektemannen Kjell. –Me reiste til Syden i haust, då berre grunnsolen var støypt. Så kom me heim til jul, då var det komme tak på huset. Deretter reiste me til Syden igjen. Seim Bygg har styrt med alt, seier han. På eiga tomt Erna Kjell er no nettopp flytta inn i Sagstadvegen 63 - dei held framleis på med å få møblar og anna på plass. Huset dei flytta frå ligg i Sagstadvegen 65, nokre få meter frå nyehuset. Dei har rett og slett bygd på eiga tomt. Å flytta frå eit nærområde dei har djupe røter i, var ikkje noko dei ønskte. Likevel følte dei at det var tid for å forlata den store generasjonsbustaden over tre etasjar. Funksjonell seniorfunkis STRÅLANDE NØGDE: Kjell og Erna Mjåtvedt er strålande nøgde med det funkishuset dei no nettopp har flytta inn i. HØGT: Det er høgt under taket i huset, noko som gir ei luftig kjensle.

RkJQdWJsaXNoZXIy NDYzNTY=